Skibakken er alltid eit flott alternativ, og når snøen lavar ned og sola skin
er det lite som er så kjekt som ein tur i bakken. Men i vinterferien er du
gjerne aldri aleine i løypene, så kvifor ikkje unngå køa og gjere noko anna?
Topptur
Eit sunt alternativ til skibakken er sjølvsagt å spenne på seg skia eller
trugene og gå ein frisk topptur. Her får du som regel alltid første spor, og
sjølv om turen opp kan vere eit blodslit er det alltid verdt det på veg ned.
Kos og sunt
Ein langrennstur er ein fin måte å kombinere både litt trening og kos på.
Etter litt mosjon i løypa passar det godt å sette seg godt til rette og nyte
medbrakt kakao og niste. Og når ein først er ute med langrennskia, kvifor
ikkje arrangere ein god gammaldags hoppkonkurranse.
Se også Kjeder
du deg?
Uten ski
For dei som ikkje er fødde med ski på verken beina eller i garasjen fins det
sjølvsagt mange andre aktivitetar å ta seg til. Kva med ein tur på skøyter?
Gjerne kombinert med litt pilking i isen, så har du kanskje dagens middag om
du er heldig.
Aking kan aldri slå feil, ta med deg venner eller kjærasten i akebakken og få
fram barnet i deg.
Kveldskos
Når kvelden kjem, med stjerneklar himmel og måneskin, er det ingenting som kan
slå det å ta seg ein tur ut og brenne pølser på bål og fortelje
spøkelseshistorier. Husk for all del berre lommelykta til vegen heim.
Romantisk? Slik
unngår du daten fra helvete
Hjemmekjær?
Er du av typen som ikkje likar fysisk aktivitet, kan du fyre opp primusen i
bakgarden eller på verandaen heime og koke morgonkaffien ute for å få litt
frisk luft. Eller berre fyre opp i peisen og grille marshmallows medan du
ser ein god film.
God vinterferie!
Se flere godbiter på waschera.no